NM-uka 2018 i Vegårshei – overnatting

No er det på tide å planlegge opplegget under årets NM-uke på Vegårshei, så her er påmeldinga for NTNUIs overnatting og transport-opplegg.

NM-uka går på Vegårshei i Telemark 13.-16. september, som er helga etter Tour de Trondheim.

NM-nettsida

Påmelding
NM lang
NM mellom kvalik (sr.)
NM mellom finale (jr.)
NM stafett: UK vil komme med separat påmelding.
FRIST: 2. september

Banketten på laurdag kveld kostar 250 kr og er frivillig. Påmelding på Eventor innan 9. september. NTNUI oppmodar alle om å delta der og vi vil derfor ikkje organisere fellesmiddag laurdag. Premieutdelinga etter banketten er gratis og der er det forventa at alle NTNUIarar stiller for å hue og heie!

Overnatting har vi på Risør Resort, ca. 25 min frå både arena og frå Myra som er sentrum i Vegårshei. 10 min i bil til butikk (Rema). Der har vi 3 leilegheiter for 6 pers. og 3 sjøhytter for 8 pers. Totalt 42 plassar. Alle har bad med dusj og fullt utstyrt kjøkken med steikeovn og oppvaskmaskin(<3). Vi skal med andre ord bu med klart høgare standard enn arrangørovernattinga, som er store fellesrom på ei leirskole like langt frå arena. Prisen blir på drøyt 250 kr/natt per pers.

Transport blir med bilar. Alle som har eller kanskje har tilgang på privatbil må informere om det i påmeldinga. Resterande behov dekker vi med leigebilar frå flyplass. Det blir satt opp sjåførar og køyrekabal frå flyplassane og derfor må alle skrive reiseruta si i påmeldinga. Dei som kjem på andre tidspunkt enn når det går ein bil må rekne med å sjølv skaffe og betale transport vidare til Vegårshei.

Reisa til Vegårshei har fleire alternativ. Ein kan fly til Sandefjord (Torp), Kristiansand (Kjevik) eller Oslo (Gardermoen) også ta bil, tog eller buss vidare. Alternativt bil, tog eller buss heile vegen. Torp og Kjevik ligg ca. like langt frå overnattinga (115 og 100 km), medan Gardermoen er 280 km unna. Reisestøtta er på 50% av faktiske reiseutgifter, med maksstøtte på 800 kr. For fly til Torp og Kjevik, som begge ligg under grensa på 120 km frå Vegårshei, får ein berre støtta sjølve flybillettane. For fly til Gardermoen blir også reisa vidare med tog/buss/bil tatt med i utrekning av støtte.

Kostnadar
Overnatting, transport og fellesmiddag blir del av fellesoppgjeret. Her blir det ein “døgnpris” slik at ein betaler ut frå kor mange døgn ein er med. For transporten til/frå flyplass blir det satt ein fastpris for dei som deltar på denne, medan dei som reiser sjølv betaler eigne utgifter. Fly/tog-billettar betaler kvar enkelt sjølv. HUGS Å TA VARE PÅ BOARDINGKORT for å få reisestøtte.

 

 

Bankett

 

Kart over overnatting, arena og bankett

Jakob KS

Mang ein gong har eg vore kjær, men mi einaste ekte kjærleik, er mail.